RSS

Kurt Aust – KONGEFRYKT – NEST ETTER GUD

22 Jul

kongefryktKongereise og attentatforsøk

Bok 4 om Petter Hortten og Thomas af Boueberge. (Hoppa i rekkefølga og las nr 5 før denne)

Kong Frederik 4 skal på Norgesbesøk, og sidan Hortten og Boueberge har fått nyss i attentatplanar mot kongen, får dei to ansvaret for sikkerheita undervegs. Det viser seg at rykta stemmer, og dei to får meir enn nok å henge fingrane i, både med å avverge attentat, og klare å få ein noko motvillig konge til å vere med på tryggingstiltaka.

Boka fortel om ei Norgesreise som faktisk vart gjennomført av den dåverande kongen i 1704.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du likar historisk krim med røter i virkeligheta.

(2004)

Vurdering:

Plottet – 8
Petter Hortten får sitt hittil gjevaste oppdrag, når han og Thomas af Boueberge får ansvaret for sikkerheita til danskekongen under reisa hans gjennom Norge. Det er sterke krefter i Norge som ønsker å ta livet av kongen, og besøket hans er den perfekte muligheita til å få gjennomført dette.

Karakterane – 8

Miljøskildring – 8

Språket – 8

Starten – 7

Sidesnuing – 8

Tempo – 7

Forutsigbarheit – 8

Den gode kjensla – 8
Nok ein spennande og ikkje minst omfattande krim frå Kurt Aust. Spennande frå start til mål, karakterane vert bedre og bedre, og samspelet mellom krimhistorie og verkelege hendingar og personar er svært interessant.

Avslutninga – 8

TOTAL: 7,8

 
 
Kommenter innlegget

Posta av den 22/07/2023 tommar attentat, aust, historisk, kongehus, norge, professor

 

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.