RSS

Kurt Aust – STUMME SKRIK

25 Jul

stummeskrikTusen og ei natt i Sverige

Ein aldrande Petter Hortten og vennen hans vert fanga av svenske landeveisrøvarar som vil ta livet av dei, men som lar seg fascinere av historiene til Petter. Så lenge han kan fortelje, held dei seg i live.

Historia som vert fortalt, er om eit grotesk drap i København, og om ein einfaldig ung bonde som vert arrestert og sikta. Thomas af Boueberge meiner mannen er uskuldig, og vil bevise det. Etterforskinga tek dei to inn i eit villniss av drap, politisk spel for å få Skåne tilbake til Danmark, og generelt drama i kongehuset.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi Kurt Aust kanskje skriv dei aller beste historiske krimhistoriene som fins der ute.

(2013)

Vurdering:

Plottet – 8
Thomas og Petter set seg føre å bevise at den unge bonden Hans Kiær er uskuldig i drapet på Andreas Bødker, som han er sikta for, og det fører dei inn i fleire forviklingar enn dei hadde sett for seg. Historia vert fortalt av Petter til ein familie av svenske landevegsrøvarar, som i Tusen og ei natt, medan Petter og vennen prøver å overleve fangenskapet.

Karakterane – 8

Miljøskildring – 8

Språket – 8

Starten – 7

Sidesnuing – 8

Tempo – 7

Forutsigbarheit – 8

Den gode kjensla – 8
Nok ei god historie, der både historia og forteljarsettinga er spennande, sjølv om tempoet er litt seigare enn i dei forrige bøkene.

Avslutninga – 7
Det blir litt langt mot slutten.

TOTAL: 7,7

 
 

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.