RSS

Kurt Aust – SKIPET MED DET ONDE ØYE

28 Jul

skipetmeddetondeøyetForbannelse til sjøs

Thomas af Boueberge må flykte frå Danmark. Kongen trur han er død, og for å hindre at nokon finn ut at dette ikkje er sant, er Thomas og Petter Hortten no ombord på den danske slaveskipet «Christianus Quintus», på veg mot Afrika. Dei to med familie, skal hoppe av på Gran Canaria, når dei  kjem så langt.

Undervegs forsvinn ein av passasjerane sporlaust, og det virkar ikkje som kapteinen eller mannskapet bryr seg merkbart om dette. Det viser seg at skipet har ei historie: Då det returnerte frå Afrika to år tidlegare, hadde kapteinen med ei lita formue i gull, men berre nokre dager før dei var framme i København, forsvann både kaptein Munk, og gullet hans sporlaust. Ingen av dei har vorte sett igjen.

Mange av den gongens mannskap er framleis ombord, noko som kan tyde på at hendingane denne gongen kan ha noko med det som skjedde den gongen å gjere.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi dette er historisk krim på sitt beste.

(2017)

Vurdering:

Plottet – 8
Ombord i eit slaveskip, må Thomas og Petter etterforske ei forsvinning, og mannskapet og kapteinen virkar ikkje veldig innstilt på å bidra i etterforskinga. Etter kvart vert delar av mannskapet galnare og galnare, til både kaptein og Thomas og Petter er i ferd med å miste kontrollen.

Karakterane – 8

Miljøskildring – 8

Språket – 8

Starten – 7

Sidesnuing – 7

Tempo – 7

Forutsigbarheit – 8

Den gode kjensla – 8
Spennande og til tider fartsrik, sjølv om den er omfattande.

Avslutninga – 8

TOTAL: 7,7

 
 
Kommenter innlegget

Posta av den 28/07/2023 tommar afrika, aust, flukt, historisk, professor, skip

 

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.