RSS

Michael Connelly – MØRKERE ENN NATTEN

13 Apr

Bosch + McCaleb = ?

Eit nakent drapsoffer vert funne med ein religiøs beskjed teipa over munnen.

Den pensjonerte etterforskaren Terry McCaleb vert kontakta av politiet, etter at etterforskinga har gått i stå. Funn i saka peikar mot ein gammal kjenning av McCaleb, nemlig etterforskar Harry Bosch. Kan Bosch, som for tida er midt i ei av dei største rettsakene i LA, vere involvert i drapet?

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du er du er nysgjerrig på kva som skjer når dei to store heltane til Connelly skal samarbeide.

(2001)

Vurdering:

Plottet – 7
Edward Gunn vert funnen drept, og politiet står utan spor. Dei hentar råd hos Terry McCaleb, som snart finn spor som peikar mot Michael Connelly´s store krimhelt.

Karakterane – 9
McCaleb og Bosch er solide og truverdige karakterar. I denne boka er det Jaye Winston frå sheriffkontoret i LA som har den tredje store rolla.

Miljøskildring – 8
Connelly skildrar både LA og havnemiljøet på Catalinaøyene, der McCaleb har trukke seg tilbake og driv båtturar for fisketuristar, særs bra.

Språket – 10

Starten – 8

Sidesnuing – 9

Tempo – 9
Det er litt roleg i starten, men når det byrjar tetne i både saka til McCaleb og i rettsaka til Bosch, så går det så det suser.

Forutsigbarheit – 9
Du er god om du forutser vendingane i dei fleste bøkene til Connelly, og denne er ikkje noko unntak.

Den gode kjensla – 9
Ei god, spennande og svært bra bok. Sjølv om Bosch-bøkene kanskje ikkje har dei plotta du hugsar best, så må denne serien her vere blant dei aller beste krimseriene gjennom tidene.

Avslutninga – 8
Action, dramatikk, tempo og spenning.

TOTAL: 8,6

Reklame
 
Éin kommentar

Posta av den 13/04/2017 tommar bosch, connelly, kunst, los angeles, mccaleb, politi, usa

 

One response to “Michael Connelly – MØRKERE ENN NATTEN

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: