RSS

Ruth Ware – KVINNEN I LUGAR 10

07 Jul

Får aldri opp storseglet

Lo Blacklock, ein engelsk reisejournalist, får sjansen til å vere med på eit luksuscruise langs norskekysten. Men berre kort tid før cruiset, vert ho overfalt og rana i si eiga leiligheit, og når ho reiser for å skrive ei sak frå cruiset, slit ho framleis med traumer og sjølvmedisinering.

Ombord på skipet vert ho (einaste) vitne til at ein person vert kasta over bord. Det viser seg at ingen personar er sakna ombord, men Lo har møtt ei ung jente rett før, som ho er sikker på at er den som har forsvunne. Men etter kvart vert ho usikker på om ho verkeleg har møtt denne kvinna, eller om det berre er noko ho innbiller seg.

(2016)

Vurdering:

Plottet – 7
Ein reisejournalist vert vitne til at ein ukjent person vert kasta over bord frå eit luksusskip ute i åpent hav. Men det er ingen av passasjerar eller mannskap som manglar.

Karakterane – 7
Ein grei bukett. Mest fokus på den traumatiserte Lo, som er ein rik og fasettert type.

Miljøskildring – 7

Språket – 8
Lettlest og greit.

Starten – 7

Sidesnuing – 7
Spenningsnivået går litt opp og ned, men boka manglar dei store «umulig å legge frå seg»-strekka.

Tempo – 7

Forutsigbarheit – 8
Fine og finurlege vendingar.

Den gode kjensla – 6
Midt på treet. Fengjer liksom aldri heilt.

Avslutninga – 7

TOTAL: 7,1

 
Kommenter innlegget

Posta av den 07/07/2017 tommar båt, cruise, england, forsvinning, havet, norge, skip, ware

 

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.