RSS

Trude Teige – JENTA SOM SLUTTET Å SNAKKE

14 Jul

Imponerande sunnmørskrim

Ei einsleg kvinne vert funnen drept i ei stol i sin eigen heim, iført sitt finaste antrekk. Ganske nøyaktig eit år tidlegare vart faren, ein omreisande predikant, drepen på bestialsk vis i samme huset.

Kvinna har aldri besøk, har ikkje snakka sidan ungdommen, og sit stort sett i stova si og ser på folk som går forbi. Journalist Kajsa Coren vert nysgjerrig på fortida til kvinna, og drapssaka eskalerer når den unge nabojenta forsvinn.

(2014)

Vurdering:

Plottet – 8
Far og dotter vert drepne i sitt eige hus med omlag eit års mellomrom, og litt seinare forsvinn ei 14 år gammal jente frå nabohuset. Både den drepne og den forsvunne har svært liten, eller ingen, omgongskrets, og politiet står rådville.

Karakterane – 8
Dette er den fjerde boka i serien, og hovudkarakterane har nok vorte grundig introduserte tidlegare, men ein klarer å få eit greit grep om dei likevel. Bikarakterane er fine og varierte, og veldig sunnmørske.

Miljøskildring – 9
Stemningsfull førjulstid med obligatorisk sunnmørsorkan i bygde-Norge.

Språket – 8
Enkelt og greit, god flyt og lett lesing.

Starten – 8
Det tek ikkje så lang tid å verte dregen inn i handlinga.

Sidesnuing – 8
Tek seg opp etter kvart, og vert meir og meir spennande utover.

Tempo – 8
Som over, stort sett høgt tempo, men litt lugging.

Forutsigbarheit – 8
Me siktar oss tidleg inn på eit par potensielle løysingar, men synes spenninga klarer å halde seg ganske lenge.

Den gode kjensla – 8
Ei veldig positiv overrasking. Syns den fyrste boka i serien var veldig overfladisk og aldri tok skikkeleg tak, og sjølv om ein får litt same kjensla i starten her, så er dette ei mykje meir komplett og god bok. Sjå bort i frå at journalistar løyser saker bedre enn politiet, og at ting kanskje fell litt enkelt på plass, så er dette ei god leseoppleving.

Avslutninga – 7
Som nevnt over, så skil det seg ganske tidleg ut eit par potensielle løysingar, men likevel er det ganke spennande heile vegen.

TOTAL: 8,0

 

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.