RSS

Jørgen Brekke – ANDRE GUDER

08 Jul

andreguderNoko anna frå Brekke

Jonny er kanskje så langt frå nokon kirkegjengar som ein kan kome, men når Linda frå ungdomstida kjem tilbake, og ber han me i menigheita si, vert han motvillig med. Ho har eit nært forhold til den karismatiske leiaren Isaksen, Jonny er sjalu, og det går som det må gå.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du har sansen for mystikk i religiøse miljø. 

(2020)

Vurdering:

Plottet – 7
Ein tidligare «versting», Jonny, vert overtalt av ei gammal flamme, Linda, om å vere med i menigheita. Der oppdager han at ho ser ut til å ha eit nært forhold til pastoren i menigheita. Litt for nær, for Jonny sin smak.

Karakterane – 7

Miljøskildring – 7

Språket – 8

Starten – 7

Sidesnuing – 7
Dette er ikkje den type «sidesnuar» som ein er vant til frå Odd Singsaker-bøkene.

Tempo – 7

Forutsigbarheit – 6

Den gode kjensla – 6
Denne fall ikkje heilt i smak, til tross for å ha lest gode omtaler i forkant. Den er kanskje nærare ei lang novelle enn ein fullverdig roman, men det er for få overraskingar, ikkje så spennande som ein skulle ønske, og historia tek aldri skikkelig av. Det tek seg rett nok opp ein god del mot slutten.

Avslutninga – 8

TOTAL: 7,0

 
Kommenter innlegget

Posta av den 08/07/2021 tommar brekke, hevn, norge, religion

 

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.