RSS

Kurt Aust – DEN TREDJE SANNHET

29 Jan

Den andre boka om Petter Hortten og Thomas av Boueberge, frå starten av 1700-talet.

Denne gongen vert dei kalla til Hadekjær gods på Jylland, via eit anonymt brev. Her er ridefogden Hans Halle drepen, og dei to skal finne ut kven som har gjort det.

Undervegs dukkar det opp hemmeligheiter rundt dei fleste av innbyggjarane i Hadekjær, og igjen vert Petter Hortten tettare knytt til nokon av innbyggjarane enn han burde.

Nok ein historisk krim frå Kurt Aust, som er ein god del meir omfattande enn den forrige, Vredens Dag, men den er likevel veldig lesverdig.

(2001)

Vurdering:

Plottet – 8
Ikkje ein lukka krim på den klassiske måten, men likevel er det eit begrensa galleri som går igjen heile vegen. Når me kjem inn i materien, er det ei ganske spennande historie, sjølv om det tek litt tid å kome i gong.

Karakterane – 8
Veldig bra. Dei to hovudpersonane kjenner me frå før, og innbyggjarane i Hadekjær er variente og fulle av overraskingar.

Miljøskildring – 8
Veldig bra og truverdig, utan at ein veit for mykje om Danmark rundt 1700.

Språket – 8
Lettlest og fint. Starten er nok litt tyngre, med ein del dødtid utan at historia går framover.

Starten – 6
Endå tyngre enn i den forrige boka, og i ei bok på nesten 700 sider, så får ein rikeleg med mulegheiter til å legge frå seg denne her. Men er du tålmodig nok til å halde ut dei fysste par hundre sidene, så får du rikeleg betalt.

Sidesnuing – 7
Dårleg i starten, men i andre halvdel/tredjedel er boka veldig vanskeleg å legge frå seg. Dei siste 200 sidene kunne glatt fått 9 eller 10 her, medan dei 200 fysste ligg meir i landskapet 4-5.

Tempo – 7
Det går sakte heile vegen, men det er meir tydeleg i starten, når det nesten virkar som om me står stille.

Forutsigbarheit – 9
Spennande vriar utover i historiar. Dei mange og innfløkte skjebnene til innbyggjarane gjer boka uforutsigbar, og i tillegg er historia til Petter Hortten, som er skreve i «notid» (altså 50-60 år seinare) glimrande vikla inn i hovudhistoria og legg til ekstra spenning mot slutten.

Den gode kjensla – 8
Som resten av boka, så er slutten ein 10ar, medan starten er 5-6. Heilheita får få ein middels åttar.

Avslutninga – 9
Veldig høg kvalitet. Spennande heile vegen, og etter kvart viser det seg at det er to mysterium å løyse her, så me får til og med to sluttar, som er like spennande.

TOTAL: 7,8


 
Kommenter innlegget

Posta av den 29/01/2012 tommar aust, danmark, historisk, professor

 

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.