RSS

Kurt Aust – VREDENS DAG

18 Des

Den fyrste boka om professoren Thomas av Boueberge og læreguten Petter Hortten.

Dei to er på veg til Ribe i Danmark for å feire nyttår i 1699, men på vegen kjem dei ut for ein snøstorm, og må søke ly på ei kro langs vegen. På grunn av uveret må dei vere der heile romjula. Og som ikkje det er nok, så vert ein av gjestane drepne, og den skuldige må vere ein av dei andre gjestane på kroa.

Spennande og interessant historisk krim.

(1999)

Vurdering:

Plottet – 8
Klassisk lukka rom krim. 8-10 personar er innesnødde på ei kro, og ein vert drepen.

Karakterane – 8
Fine og varierte. Nokre av dei utviklar seg bra i løpet av boka.

Miljøskildring – 8
Spennande og stemningsfullt.

Språket – 9
Gammaldags, men likevel lettlest og godt språk.

Starten – 7
Litt daff og tung start, men etter dei fyrste 30-40 sidene, er me i gong.

Sidesnuing – 8
Utover i boka er det veldig spennande, og når du blar om og skal legge bokmerket i boka, så tek du alltid ei ekstra side eller to.

Tempo – 8
Det er roleg tempo i boka, men likevel dreg det framover heile tida. Det gammaldags språket gjer at det til tider virkar som om historia går sakte, men likvel er det lite dødtid.

Forutsigbarheit – 8
Mange spennande vriar utover i historia.

Den gode kjensla – 9
Spennande og stemningsfullt. En skikkelig god leseopplevelse.

Avslutninga – 8
Spennande slutt som held nivået til resten av boka.

TOTAL: 8,1

 
 

1 responses to “Kurt Aust – VREDENS DAG

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.