RSS

Jørgen Brekke – DRØMMELØS

28 Feb

Høgt nivå i Trøndelag

Så var me tilbake på riktig spor igjen. Den andre boka til Jørgen Brekke, om politimannen Odd Singsaker i Trondheim.

Ei ung jente vert funnen død i snøen. På magen har ho ein speledåse med ei ukjend vuggevise, og nokon har fjerna strupa hennar.

Nyopererte Singsaker vert sentral i å nøste opp saka.

Parallellt går ei historie om Trondheim for nokre hundre år sidan, der ein svensk trubadur vart funnen drepen i fjøresteinane.

KVIFOR kjem du til å like denne?
Fordi du lot deg imponere av den fyrste Brekke-boka, og vil ha meir.

Kjøp boka på nett.

(2012)

Vurdering:

Plottet – 8
Spennande, og intrikat handling, som tidleg fortel at her kjem det til å kome historier frå fortida og vikle seg inn.

Karakterane – 8
Fine og balanserte, sjølv om store delar av politikorpset berre er i bakgrunnen.

Miljøskildring – 8
Interessant å lese om Trondheim på 1700-talet, og i dag, men sjølve miljøskildringane er ikkje det som gjer denne boka god eller dårleg.

Språket – 9
Brekke er på god vei til å finspisse den lettleste krimromanen her. God flyt, og lite utanomprat.

Starten – 8

Sidesnuing – 9
Denne boka les du ut på svært kort tid. Cliffhangerane er danderte utover, kanskje litt for perfekt og forventa, men Brekke har også eit par overraskingar som ein ikkje nødvendigvis ser komme.

Tempo – 9

Forutsigbarheit – 9
I ein slik lettlest og fartsfyllt krim veit ein som regel kva som ventar ein. Men faktisk vart eg to gonger overraska og teken på senga her. Faktisk syr Brekke saman fleire historier enn ein kan forvente, og får alt til å verke nokon lunde logisk.

Den gode kjensla – 9
Ei spennande bok, som sjølv om den ikkje har den grøssande spenninga og intensiteten som den fyrste boka hadde, er mykje meir botnsolid, og held stilen heile vegen ut.

Avslutninga – 9
Det er nesten slik at boka hevar seg litt på slutten. Imponerande historie og samansnurping av lause trådar.

TOTAL: 8,6

 
 

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.