RSS

Trude Teige – NOEN VET

13 Sep

noenvet

Trude Teige sin krimdebut. TV-reporteren/journalisten Kajsa Coren får eit tips om å lage ei sak om barneheimsborn. Samstundes vert eit eldre ektepar i Asker funne drepne på bestialsk vis.

Dei to sakene flettar seg inn i kvarandre, og Coren finn plutselig seg sjølv midt oppe i drapssaka.

Overraskande bra skrive.

(2009)

Vurdering:

Plottet – 7
Eit eldre ektepar vert drepne på ein gard i Asker. Lika er mishandla. Parallellt jobbar Kajsa Coren med ei sak om barneheimsbarn, som viser seg å ha tilknytning til drapet.

Karakterane – 7
Litt flate. Ein hovudkarakter som minner veldig om forfattaren, dei andre skil seg ikkje ut på nokon måte.

Miljøskildring – 7
Heilt ok. Byggefeltsområdet rundt huset til hovudpersonen er levande skildra, ellers er det ikkje så mykje fokus på miljø.

Språket – 8
Bra og lettlest. Litt mykje tankar kring forhold etc, som ikkje har så mykje med sjølve krimen å gjere, men synes at forfattaren har klart å få fram karakterane utan å måtte stoppe opp for mykje i handlinga.

Starten – 7
Ein grei start. Set premissa for historia på ein ok måte.

Sidesnuing – 7
Ikkje akkurat ein sidesnuar, men det er ganske spennande til tider.

Tempo – 7
Det er få dødpunkt i boka, men tempoet kunne gjerne vore litt betre.

Forutsigbarheit – 7
Ein ser vel ganske tidleg konturane av ei løysing, men synes likevel at dette er godkjent for ein debut.

Den gode kjensla – 7
Ei ganske bra bok, men det ein saknar, er kjensla av at ein skal kome skikkeleg inn i historia. Ein sit heile tida med ei kjensle av at alt er veldig overfladisk, og det punktet der ein kjenner at ein kjem inn i historia, kjem dessverre aldri.

Avslutninga – 8
Spenningsfylt avslutning.

TOTAL: 7,2

 
 

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.