RSS

Arnaldur Indridason – SKUGGASUND

15 Jun

skuggasundEin eldre mann vert funnen død i si eiga seng, men det viser seg at mannen i 90-åra ikkje døydde ein naturleg død. På skrivebordet til mannen finn politiet gamle avisutklipp om drapet på ei kvinne på 40-talet.

Ein pensjonert politimann interesserer seg for saka, og prøver å finne ut meir om kva som skjedde den gongen.

Parallelt følgjer me historia om dei to politifolka Thorson og Flovent, som fekk i jobb å etterforske saka i 1944.

(2013)

Vurdering:

Plottet – 8
På nattbordet til ein mann som sannsynlegvis er drept, finn politiet utklipp frå ei uløyst sak frå 1944. Eit ungt par finn liket av ei kvinne, bak nasjonalteateret i Reykjavik.

Karakterane – 9
Både dagens pensjonerte politimann, Konrad, og etterforskarane Flovent og Thorson frå 1944 er glitrande karakterar, og viser at Indridason på nytt har skapt eit fantastisk karakterunivers, etter Erlendur og gjengen.

Miljøskildring – 8
Spesielt 40-talsskildringane er mørke og fine her.

Språket – 9
Indridason mistar ikkje drivet; boka er lettlest og oversetjinga til Silje Beite Løken er det ingenting å seie på.

Starten – 7
Det er ein del brikkar som skal på plass i oppbygginga her, så det går litt tid før me vert reve med i byrjinga.

Sidesnuing – 8
Etter ein litt seig start, tek det seg opp, og utover gjer dei to parallelle historiene at ein knapt får lagt frå seg boka.

Tempo – 8
Som over, litt seigt i starten, men veldig bra utover.

Forutsigbarheit – 8
Indridason heldt korta tett til brystet, og i og med at me både skal løyse ei sak i 1944 og ei sak i dag, er det ikkje så lett å sjå løysingane.

Den gode kjensla – 9
Ei historie som verkeleg kjennes massiv og gjennomført. Underhaldande, fleirdimensjonal og samstundes mørk og dyster.

Avslutninga – 8
Spenninga sit heilt inn.

TOTAL: 8,2

Advertisements
 

One response to “Arnaldur Indridason – SKUGGASUND

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

 
%d bloggarar likar dette: