RSS

Lisa Jackson – NESTE OFFER

28 Jul

nesteofferEin seriemordar i Montana arrangerer bilulykker, kidnappar dei kvinnelege sjåførane, og pleier dei, før han forlet dei nakne og fastbundne til eit tre i skogen for å døy.

Politiet står utan spor i saka, då ein av deira eigne plutseleg forsvinn, og alt tydar på at drapsmannen har teke henne.

(2009)

Vurdering:

Plottet – 7
Ein drapsmann kidnappar kvinner, pleier dei over lengre tid, før han set dei nakne ut i skogen for å døy.

Karakterane – 7
Ganske midt på treet karakterar. Ikkje veldig spennande, og ein føler heller ikkje ein kjem så veldig inn under huda på dei. Dei som funkar best er eksmannen til politikvinna Pescoli, Luke og den nye, unge kona hans.

Miljøskildring – 8
Spennande vinterlandskap i Montana. Eit av punkta som løfter boka.

Språket – 7
Heilt greit. Forholdsvis lettlest, men ikkje minneverdig.

Starten – 7
Me går ganske rett inn i handlinga her, etter eit par treige sider.

Sidesnuing – 7
Det går litt sakte, og er litt langdrygt.

Tempo – 7
Som i punktet over. Det skjer litt lite, og historia er litt smal, så det er ikkje så mange andre arenaer ting kan skje på heller.

Forutsigbarheit – 8
Forfattaren klarer å halde uvissa i live ganske lenge.

Den gode kjensla – 7
Til å vere ei såpass eindimensjonal og smal historie, får forfattaren vridd maks spenning ut av den. Til å vere ei, for meg, heilt ukjend pocketbok kjøpt i ein kolonial, er den ikkje så verst, men den kjem nok ikkje til  verte trukke fram som eit høgdepunkt i kriminallitteraturen.

Avslutninga – 7
Heilt på høgde med resten. Actionfyllt, men litt tam.

TOTAL: 7,2

 
 

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.